
Enkel booking av sauna i Sogndal
Inviter venene dine og bestill ynskja dato og tidspunkt for ei herleg oppleving i Sogndal Sauna. Opphaldet varer i 90 min, anten det er DROP IN eller PRIVAT.
Velg mellom FYRIG Drop-in eller FYRIG Privat.
Du brukar koden du får på mail til å opne nøkkelboksen. Trykk inn koden på panelet, og lås opp ved knappen nederst til høgre, låsen pip og du kan opne boksen og ta ut nøkkelen. Du må påberegne 40min med fyring før saunaen er varm. Bruk godt med ved.
Ved finn du ved saunen, husk å fyre jamnt gjennom sauna opphaldet og gjerne legg i eit par kubbar før du reiser. Pass på så du ikkje brenn deg på ovnen. Bruk godt med ved på første oppfyring.
Det er eit skifterom i inngangspartiet. Det er ikkje noko dusj eller toalett i bygget. Vi vil difor tilrå å besøke toalettet før ankomst. Nærmaste toalett er ved det offentlege toalettet 100m frå saunaen.
All bading skjer på eige ansvar. Pass alltid på kvarandre ved bading, og bad aldri åleine. Trappa ned til vatnet kan bli svært glatt vinterstid!
Vi vil ikkje anbefale å kombinere alkohol med badstu. Ved drop-in er det ikkje tillate å nyte alkohol. Unngå all drikke som kan sette farge på inventar.
Vi håpar du får ei fantastisk oppleving hjå oss. Tagg oss gjerne i sosiale medium. Ta kontakt dersom det skulle oppstå problem, så skal vi hjelpe deg.
Takk for no og velkomen tilbake. Sørg for at du forlater saunaen innan reservasjonen går ut. For at andre skal ha eit fint opphald etter deg, set vi pris på at du rydder etter deg og svabrer golvet.