Retingslinjer

Eit vellukka badstuopphald:

Booking:

Du kan anten velge drop-in eller booke privat. Ved drop-in kan du risikere å få nye vener, då fleire kan booke samtidig. . Dersom du booker privat vil badstova vere stengt for andre i din booking periode. Ledig tidsrom og pris finn du under booking seksjonen. Det er ein vedfyrt sauna, so du må regne opptil 40min oppvarmingstid.

Inngang:

Døra vil vere opa i booking perioden.

Bekledning:

Vanlige badeklede og handduk må du ha med deg. Det er moglegheit for eit friskt bad.

Fasilitetar:

Der er ein bås for klesskift. Pr no er det ikkje dusj tilgjengelig, men bruk gjerne fjorden.

Alkohol og mat:

Vi vil ikkje anbefale å kombinere alkohol med badstu og bading. Ved drop-in er det ikkje tillate å nyte alkohol. Ved private bookinger kan ein nyte maks 2 einingar pr pers. Mat er det ikkje anledning til å ta med seg inn i badstua. Drikkevarer med sterk farge er ikkje tillate, dette for å unngå merker på treverket om ein skulle søle. Ei flaske vatn er fint å ha med seg.

Bading:

Fjorden byr på ein avkjølande dukkert. Obs, trappa kan være glatt. Ta førehandsreglar og pass på kvarandre ved bading. All bading skjer på eige ansvar.

Kos deg:

Vi håpar at opphaldet står til forventing. Ta kontakt dersom det skulle oppstå problem, så skal vi hjelpe deg. For at andre skal ha eit fint opphald etter deg, set vi pris på at du rydder opp etter deg, hiv evt. boss og svabrer gulvet.

-All bading og bruk av badstova skjer på eige ansvar-